Kunngjering av vedtatt detaljreguleringsplan for Ytre Eidsnes
I medhald av plan- og bygningslova (pbl) § 12-12 har Alver kommunestyre 11.05.2023, sak 063/23, vedtatt følgjande reguleringsplan:
Detaljreguleringsplan for Ytre Eidsnes gbnr. 215/2 mfl., PlanID 46312020004
Hovudføremålet med planframlegget er å tilrettelegge for bustadutvikling på Ytre Eidsnes.
Reguleringsplanen legg til rette for fire einebustader, med tilhøyrande vegareal og blågrønstruktur. Innafor planområdet er det òg regulert inn ein leikeplass.
Planframlegget omfattar følgjande dokument:
- Reguleringsplan 24.03.2023
- Reguleringsføresegner 24.03.2023
- Planomtale Ytre Eidsnes 24.03.2023
- Illustrasjonsplan 24.03.2023
- ROS-analyse
- Konsekvensutgreiing for detaljreguleringsplan for Ytre Eidsnes
- Merknadsskjema kommentert 28.03.2023
- Merknadsskjema offentleg ettersyn og mekling Statsforvaltar 24.03.2023
- Merknader samla 13.02.2023
- Snitt
- Sol-Skygge Ytre Eidsnes
- Sporingskurver
- C-002 med sporingskurver
- VA-rammeplan samlet
- Trekking av motsegn – Ytre Eidsnes – Revidert planframlegg etter mekling
- Til dialogmøte med statsforvaltaren januar 2022
- Planprogram 19.02.2021
- Uttalar til planoppstart og planprogram Ytre Eidsnes samanstilt
- Merknadsskjema planoppstart
- Planinitiativ 12.05.2020
- Avvisning av planinitiativ Ytre Eidsnes gbnr 215/2 02.07.2020
- Saksframlegg – Planinitiativ til avklaring – Ytre Eidsnes 17.09.2020
- Saksframlegg fastsetting Planprogram
- Saksframlegg – 1. gongs handsaming
- Saksframlegg – 2. gongs handsaming
- Bestilling av meklingsmøte - Detaljreguleringsplan for Ytre Eidsnes
- Saksframlegg – 3. gongs handsaming
Om klage og verknad av plan:
Vedtaket er eit enkeltvedtak etter reglane i lov om offentleg forvaltning (fvl). Vedtaket kan klagast på til kommunen, jf. lov om offentleg forvaltning §§ 28-36. Klagefristen er 3 veker frå melding om vedtak er motteke, med mindre anna frist er oppgitt. Det er nok at klagen er postlagt innan fristen går ut. Klagen skal sendast skriftleg til kommunen:
- Alver kommune, Plan v/Arealforvaltning , postboks 4, 5906 Frekhaug, eller
- som e- post til post@alver.kommune.no
Klagefrist er sett til 12.06.2023
Reguleringsplanen fastset framtidig bruk av området og er bindande for nye tiltak, samt utviding av eksisterande tiltak, jf. pbl §12-4. Eventuelle krav om erstatning eller innløysing i samband med godkjend reguleringsplan må setjast fram innan 3 år etter denne kunngjeringa, jf. plan- og bygningslova § 15-2 og 3.