HjemInnsyn, politikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarKunngjering av vedtatt planprogram for kommuneplanen sin arealdel

Kunngjering av vedtatt planprogram for kommuneplanen sin arealdel

Vedtaket er gjort med heimel i plan- og bygningslova § 11-13.

Trykk her for å lese vedtatt planprogram

Trykk her for å lese saksframlegg med merknadsskjema

Kva er kommuneplanen sin arealdel?

Kommuneplanen er todelt, og består av ein samfunnsdel og ein arealdel. 19. mai 2022vedtok kommunestyret i Alver samfunnsdelen. Samfunnsdelen seier korleis vi vil utviklesamfunnet, kva vi skal satsa på, kva visjonar og mål vi har for framtida – og kva vi må gjere for å koma dit. No arbeider vi med kommuneplanen sin arealdel for Alver. Arealdelen seier korleis vi skal utvikle areala våre og kva vi skal leggje til rette for kor i kommunen.

Kva er eit planprogram?

Alle planar med vesentleg verknad for miljø og samfunn skal ha eit planprogram, jf. plan- og bygningslova §4-1. Planprogrammet skal vise planområdet, føremål med planen, kva tema som skal vurderast, utgreiingsbehov, korleis planarbeidet er organisert, opplegg formedverknad og framdriftsplan.

Trykk her for meir informasjon om det pågåande arbeidet med kommuneplanen sin arealdel.


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 13.01.2023