Kunngjering av vedtatt reguleringsplan for Kvassnesbakken
I medhald av plan- og bygningslova (pbl) § 12-12 har Alver kommunestyre 11.05.2023, sak KO-062/23, vedtatt følgjande reguleringsplan:
Detaljreguleringsplan for Kvassnesbakken, gbnr. 188/701 m.fl. PlanID 1263-201904
Føremålet med planframlegget er å utvikle området BBB2 i områdeplanen for Knarvik sentrum til blokkbusetnad i form av «terrasserte bygg», med tilhøyrande funksjonar og infrastruktur. Reguleringsplanen legg til rette for 31 bueiningar, med parkeringsanlegg under bakken. Felles uteområde er planlagd som eit stort tun i sørvest og på takterrasse i vest.
Planframlegget omfattar følgjande dokument:
- Plankart
- Illustrasjonsplan
- Føresegner
- Planskildring
- Plan 1.underetasje
- Illustrasjon takopplett
- Lengdeprofil_veg
- Horisontalplan_veg
- Tverrprofil
- Støyvurdering
- VA-rammeplan
- VA-Tiltaksplan
- Nedbørssituasjon
- Plandiagrammer
- Oversikt over bruksareal-BRA
- Merknadsskjema offentleg ettersyn
- Snitt 1-1 og 2-2
- Snitt 3-3 og 4-4
- Solstudie-mai
- Solstudie-mai2
- Solstudie-sommersolverv
- Solstudie-vårjevndøgn
- Solstudie2-vårjevndøgn
- Saksframmlegg 1.ghs.
- Saksframlegg 2.ghs-vedtak plan
Om klage og verknad av plan
Vedtaket er eit enkeltvedtak etter reglane i lov om offentleg forvaltning (forvaltningslova). Vedtaket kan klagast på til kommunen, jf. fvl. §§ 28-36. Klagefristen er 3 veker frå melding om vedtak er motteke, med mindre anna frist er oppgitt. Det er nok at klagen er postlagt innan fristen gårut. Klagen skal sendast skriftleg til kommunen:
- Alver kommune, Plan v/Arealforvaltning , postboks 4, 5906 Frekhaug, eller
- som e- post til post@alver.kommune.no
Klagefrist er sett til 12.06.2023
Reguleringsplanen fastset framtidig bruk av området og er bindande for nye tiltak, samt utviding av eksisterande tiltak, jf. pbl §12-4. Eventuelle krav om erstatning eller innløysing i samband med godkjend reguleringsplan må setjast fram innan 3 år etter denne kunngjeringa, jf. pbl § 15-2 og 3.