Kunngjering av vedtatt reguleringsplan for område på Manger

I medhald av plan- og bygningslova (pbl) § 12-12 har Alver kommunestyre 19.06.2024, sak 61/24, vedtatt følgjande reguleringsplan:

Detaljregulering for Manger, gnr. 445 bnr. 84,322 mfl. PlanID 46312022007

Planen legg til rette for at det kan byggjast 30 nye bueiningar fordelt på to felt sentralt i Manger sentrum. Bustadbygga er planlagd i to etasjar med maksimal byggehøgde på åtte meter. Det skal etablerast leikeplassar og overflateparkering.

Felta vil ha ulike tilkomstar, via eksisterande Hesthaugen og via eksisterande veg Radøyvegen, (v/ Rema 1000).

Sjå planframlegget og planvedtak

Om klage og verknad av plan

Vedtaket er eit enkeltvedtak etter reglane i lov om offentleg forvaltning (fvl). Kommunestyrets vedtak kan påklagast av den som er part eller har rettsleg klageinteresse. Klagefristen er 3 veker frå melding om vedtak er motteke. Det er nok at klagen er postlagt innan fristen går ut. Klagen skal sendast skriftleg til kommunen:

  • Som brev til Alver kommune v/ Planforvaltning, postboks 4, 5906 Frekhaug, eller
  • som e- post til post@alver.kommune.no

Klagefrist er sett til 03.08.2024

Reguleringsplanen fastset framtidig bruk av området og er bindande for nye tiltak, samt utviding av eksisterande tiltak, jf. pbl §12-4. Eventuelle krav om erstatning eller innløysing i samband med godkjend reguleringsplan må setjast fram innan 3 år etter denne kunngjeringa, jf. pbl § 15-2.


Sist oppdatert: 26.06.2024
Publisert: 26.06.2024