HjemInnsyn, politikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarKunngjering av vedtatt reguleringsplan for Sauvågen næring og småbåthamn

Kunngjering av vedtatt reguleringsplan for Sauvågen næring og småbåthamn

I medhald av plan- og bygningslova (pbl) § 12-12 har Alver kommunestyre 11.5.2023, i sak 060/23, vedtatt følgjande detaljreguleringsplan:

Sauvågen næring og småbåthamn, gbnr. 203/46 mfl. PlanID 46312022003

Hovudføremålet med planframlegget er å regulere ei utviding av eksisterande næringsområde, samt etablera ei småbåthamn.

 

Planframlegget omfattar følgjande dokument:

  1. Plankart_28.10.2022
  2. Føresegner_17.3.2023
  3. Planomtale_7.3.2023
  4. ROS-analyse_17.3.2023
  5. Illustrasjonsplan_9.3.2023
  6. Vurdering naturmangfald_20.10.2022
  7. Merknadsskjema
  8. Uttaler oppstart og offentleg ettersyn
  9. Saksframlegg 1 ghs m vedtak_7.12.2022
  10. Saksframlegg 2 ghs m planvedtak_11.5.2023


Om klage og verknad av plan

Vedtaket er eit enkeltvedtak etter reglane i lov om offentleg forvaltning (fvl). Vedtaket kan klagast på til kommunen, jf. lov om offentleg forvaltning §§ 28-36. Klagefristen er 3 veker frå melding om vedtak er motteke, med mindre anna frist er oppgitt. Det er nok at klagen er postlagt innan fristen går ut. Klagen skal sendast skriftleg til kommunen:

 

  • Alver kommune, Plan v/Arealforvaltning , postboks 4, 5906 Frekhaug, eller
  • som e- post til post@alver.kommune.no


Klagefrist er sett til 12.6.2023

Reguleringsplanen fastset framtidig bruk av området og er bindande for nye tiltak, samt utviding av eksisterande tiltak, jf. plan- og bygningslova §12-4. Eventuelle krav om erstatning eller innløysing i samband med godkjend reguleringsplan må setjast fram innan 3 år etter denne kunngjeringa, jf. plan- og bygningslova § 15-2 og 3.


Sist oppdatert: 16.05.2023
Publisert: 16.05.2023