Kunngjering av vedteke reguleringsplan
Hovudformålet med planframlegget er utbetring av kryssområdet langs E39 Osterfjordvegen mellom avkøyringa til Bjørsvik- og Molvikrysset. I reguleringsplan samlar ein desse avkøyringa i eitt kryss, der Molvikavegen vert ført inn på Bjørsvikvegen like før krysset til E39. Krysset mellom E39 og Bjørsvikvegen vert trekt lenger nord for større avstand til tunnelopninga og høgresving frå E39 er utbetra.
Planframlegget omfattar følgjande dokument:
- Planomtale, datert 07.09.20
- Føresegner, datert 23.11.20
- Plankart, datert 07.09.20
- Plankart med geometri, datert 07.09.20
- ROS- analyse
- VA-rammeplan
- Geoteknisk rapport
- Bergskjeringar geologi
- Teikningshefte
- Uttale til E39_VA
- Saksframlegg til 1. gongs handsaming
- Planvedtak
Om klage og verknad av plan
Vedtaket er eit enkeltvedtak etter reglane i lov om offentleg forvaltning (fvl). Vedtaket kan klagast på til kommunen, jf. fvl. §§ 28-36. Klagefristen er 3 veker frå melding om vedtak er motteke. Det er nok at klagen er postlagt innan fristen går ut. Klagen skal sendast skriftleg til kommunen:
Alver kommune,
Plan v/Arealforvaltning
postboks 79,
5906 Frekhaug,
eller som e- post til post@alver.kommune.no
Klagefrist er sett til 17.02.2021
Reguleringsplanen fastset framtidig bruk av området og er bindande for nye tiltak, samt utviding av eksisterande tiltak, jf. pbl §12-4. Eventuelle krav om erstatning eller innløysing i samband med godkjend reguleringsplan må setjast fram innan 3 år etter denne kunngjeringa, jf. pbl § 15-2 og 3.