HeimInnsyn, politikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarKunngjering offentleg høyring og ettersyn - detaljreguleringsplan for Holme, Gnr/Bnr 310/39

Kunngjering offentleg høyring og ettersyn - detaljreguleringsplan for Holme, Gnr/Bnr 310/39

Vedak om høyring:

I medhald av plan- og bygningslova § 12-10 har Utval for areal, plan og miljø 04.05.22, som sak 066/22, gjort vedtak om å leggja planframlegg ut til offentleg ettersyn.

Planområdet er på om lag 30 daa og er lokalisert på Holme i Meland.Forslagsstillar ynskjer å legge til rette for eit nytt bustadfelt i form av to- og firemannsbustadar. Totalt er det planlagt 30 nye einingar. I tillegg til desse inngår den eksisterande einebustaden ved gbnr. 310/92 som ein del av reguleringsplanen. Sør i planområdet vert eksisterande røyrleggjarbedrift regulert til næringsformål.

Plandokument:

  1. Planskildring
  2. Plankart
  3. Føresegner
  4. Illustrasjonsplan
  5. ROS-analyse
  6. Merknadsskjema
  7. Merknader samla
  8. Plan og profiltegning C01
  9. Plan og profiltegning D01
  10. Tverrprofiler
  11. VA Rammeplan
  12. VA plan med kart
  13. Overvannsberegning utbygd situasjon
  14. Overvannsberegning dagens situasjon
  15. Vann kummer
  16. Vedtak om utlegging

Framlegg til plan vert ved høyring og offentleg ettersyn kunngjort på kommunen si heimeside. Grunneigarar, berørte naboar, lag og organisasjonar og offentlege instansar vert direkte tilskrive.

Merknadsinformasjon:

Perioden for offentleg ettersyn er sett frå 13.05.22 – 24.06.2022

Merknader til planforslaget må vera framsett skriftleg innan merknadsfristen. For å kome med merknad kan du sende e-post til post@alver.kommune.no

eller sende brev til

Alver kommune,
Postboks 4,
5906 Frekhaug.

Merknaden stilast til Planforvaltning.

Merknadsfrist:

er sett til 24.06.2022


Sist oppdatert: 13.05.2022
Publisert: 13.05.2022