HeimInnsyn, politikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarKunngjering, søknad om havbruksanlegg, Gjerdeneset

Kunngjering, søknad om havbruksanlegg, Gjerdeneset

Bakgrunn: 

Søknaden gjeld nyetablering av akvakulturanlegg med MTB på 3120 tonn for Lerøy Vest AS. Planlagt anlegg har inntil 6 stk. plastringar med omkrins på 157m liggjande på rekkje i rammefortøying.

Området ligg i Mangerfjorden ved Gjerdeneset nord for Holsnøy. Plasseringa av anlegget er i tråd med gjeldande arealplan for Alver kommune (kommunedelplan Meland). Det aktuelle området er lagt ut til kombinasjonsføremål som inkluderer akvakultur.

Søknaden vert vurdert av sektor myndigheiter (Mattilsynet, Statsforvalteren, Kystverket, NVE og Fiskeridirektoratet) som kvar for seg gjer vurderingar og fattar naudsynte vedtak som mellom anna gjeld drift og løyve til utslepp. Vestland fylkeskommune gjer ei samla vurdering og fattar endeleg vedtak i saka.

Saksdokument

Slik kjem du med innspel

Søknaden med dokumentasjon er lagt ut til offentleg gjennomsyn i 4 veker hos innbyggjarservice på Knarvik senter, kommunehuset på Frekhaug og på Alver kommune sine nettsider.

Innbyggjarar og interesseorganisasjonar kan gje uttale til søknaden.

Frist for uttale er 11.03.2022.

Innspel og merknader merkast med saksnummer 22/223 - Gjerdneset. Alle innkomne merknader vert samla av kommunen og sendt over til Vestland fylkeskommune for videre handsaming.

Kontaktperson hjå Lerøy Vest AS:

Nils Arve Eidsheim – Tlf: 95 76 41 81

Innspel og merknader vert å sende til:

Alver kommune
Postboks 4
5906 Frekhaug,

eller på e-post til post@alver.kommune.no innan 11.03.2022.


Sist oppdatert: 11.02.2022
Publisert: 11.02.2022