HeimPolitikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarVarsel om oppstart og offentleg ettersyn av planprogram for detaljreguleringsplan for Ytre Eidsnes, gbnr. 215/2 mfl.

Varsel om oppstart og offentleg ettersyn av planprogram for detaljreguleringsplan for Ytre Eidsnes, gbnr. 215/2 mfl.

I medhald av plan- og bygningslova § 12-8 vert det varsla oppstart av detaljreguleringsplan for Ytre Eidsnes, gbnr. 215/2 mfl., Alver kommune. I medhald av plan- og bygningslova § 12-9 vert òg forslag til planprogram i samband med reguleringsplanen lagt ut til offentleg ettersyn.

Føremålet med reguleringsplanen er å legge til rette for 5 einebustader. Området er sett av til LNF i gjeldande KPA, med omsynssone H510- omsyn landbruk. Planområdet er ca. 7,4 daa.

Planprogrammet vil legge rammene for plan- og konsekvensutgreiinga som skal utførast i samband med detaljreguleringa. Forslagsstillar er Egil Magnar Eidsnes. Plankonsulent er ABO Plan & Arkitektur AS.

Konsekvensutgreiing

Planarbeidet er vurdert å utløyse krav om planprogram og konsekvensutgreiing jf. Plan- og bygningslova § 4-1. Vidare skal planomtalen gje ei særskilt vurdering – konsekvensutgreiing – av planen sine verknader for miljø og samfunn jf. Plan- og bygningslova § 4-2. Formålet med ei konsekvensutgreiing er å få klarlagt verknaden av tiltak som kan ha vesentlege verknader for miljø, naturressursar og samfunn for reguleringsplanen. Konsekvensutgreiinga vil bli gjennomført med grunnlag i vedteke planprogram etter føresegnene i plan- og bygningslova.

Følgjande vedlegg er relevante for varsel om oppstart av planarbeid og offentleg ettersyn av planprogram for detaljreguleringsplan Ytre Eidsnes, gbnr. 215/2 mfl.

Har du innspel?

Frist for innspel og merknader til offentleg ettersyn av forslag til planprogram og varsel om oppstart av planarbeidet vert sett til 23.01.2021. Det er viktig at ein ved innspel og merknader skil mellom merknader til planprogrammet og merknader til varsel om oppstart av planarbeidet. Innspel og merknader skal framsettast skriftleg og sendast til:

ABO Plan & Arkitektur AS v/ Unni Sjursen
Postboks 291
5203 Os
e-post: offentlig.ettersyn@abo-ark.no

Eventuelle spørsmål kan rettast til ABO Plan & Arkitektur AS:
Unni Sjursen
Tlf: 900 29 764
e-post: post@abo-ark.no

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av innspel og merknader til Alver kommune, dette vil verta ivareteke av ABO Plan & Arkitektur AS. Alle mottatte dokument, innspel/merknader o.l. vert sendt samla til kommunen saman med planforslaget.


Sist oppdatert: 14.12.2020
Publisert: 03.12.2020