HeimInnsyn, politikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarOmrådereguleringsplan for Langelandskogen på høyring

Områdereguleringsplan for Langelandskogen på høyring

I medhald av plan- og bygningslova § 12-11 har Utval for areal, plan og miljø 8.12.2021, i sak 173/21 gjort vedtak om å leggje planframlegg ut til offentleg ettersyn.

Bakgrunn:

Planforslaget er utarbeida gjennom eit offentleg- privat samarbeid mellom tidlegare Meland og dagens Alver kommune og Vestland eigedom, der Multiconsult AS er plankonsulent.
Føremålet med planforslaget er å legge til rette for utvikling av Langelandskogen, med service- og tenesteytande funksjonar, bustadar og grøntstruktur. Langelandskogen, sentrum, Fossesjøen, Storeknappen og Sagstad skal gjennom tilrettelegging i områdereguleringsplanen koplast saman og styrka området sin tettstadsidentitet.

Plandokument:

Planframlegget omfattar følgjande dokument:

  1. Plankart_15.11.2021
  2. Føresegner_15.10.2021
  3. Planskildring_23.9.2021
  4. ROS-analyse_23.9.2021
  5. KU-samlerapport_9.7.2021
  6. VA-rammeplan med vedlegg_23.9.2021
  7. Støyutgreiing_9.5.2019
  8. Skredfarevurdering_20.3.2018
  9. Geo- og vassdragstekniske vurderingar_29.6.2018
  10. Vegteikningar_CDF_21.6.2021
  11. Notat_ Offentlege funksjonar_3.12.2018
  12. Notat_ Vegalternativ_3.12.2018
  13. Notat_ Gangsystem i sentrum_16.4.2021
  14. Notat_ Mobilitet_23.9.2021
  15. Medverknadsplan_3.4.2018
  16. Medverknad turgrupper_6.7.2018
  17. Medverknad ungdomsworkshop_20.6.2018
  18. Samlefil merknader til oppstart_2018
  19. Saksframlegg 1 ghs med vedtak_8.12.2021


Grunneigarar, naboar, lag, organisasjonar og offentlege instansar vert direkte tilskrive. Grunna oppdatering av regionale sakssystem er perioden for offentleg ettersyn utvida.

Slik kjem du med innspel: 

Perioden for offentleg ettersyn er sett frå 13.12.2021 – 14.2.2022.

Her kan du få meir informasjon og stille spørsmål i høyringsperioden.

Her kan du sjå opptak frå digitalt folkemøte om planframlegg

Merknader til planforslaget må vera framsett skriftleg innan merknadsfristen. For å kome med merknad kan ein sende e-post til post@alver.kommune.no, eller sende brev til:

Alver kommune,
Postboks 4,
5906 Frekhaug.

Merknaden stilast til Plan v/ Arealforvaltning.

Merknadsfrist er sett til 14.2.2022


Sist oppdatert: 21.01.2022
Publisert: 13.12.2021