Planforslag for kommunedelplan for kultur, idrett og friluftsliv 2023-2035 på høyring
Planforslaget har fått tittelen «Kultur som drivkraft» og gjeld det breie kulturområdet. Planen tek utgangspunkt i kommuneplanen sin samfunnsdel, som legg fram breie ambisjonar for kulturfeltet dei neste 12 åra.
Planforslaget skal gi overordna retning og oppdrag for 12-årsperioden, og konkretisere korleis vi skal følgje opp desse gjennom handlingsprogram og underordna arbeidsstrategiar.
Planforslaget er knytt til temaplan for friluftslivets ferdselsårer, inkludert ro- og padledel, og arbeidet med kulturmiljøplan for Alver som går fram til 2024.
Planen skal òg gje føringar for kommuneplanen sin arealdel. Innspel, kunnskap og tiltak som kan ha arealmessige behov og/eller konsekvensar, skal derfor òg vurderast i samband med utarbeidinga av arealdelen.
Det er tre dokument på høyring
- Kultur som drivkraft høyringsutkast fullstørrelse
- Kultur som drivkraft høyringsutkast komprimert utgåve
- Kultur som drivkraft, handlingsprogram høyringsutkast
- Anleggsstrategi for Alver
PS: Skriv du ut på eigen skrivar? Hugs å tilpass dokumentet til sida og vel liggande format.
Planforslaget er også tilgjengeleg i utskriven versjon på mellom anna bibliotek, idrettsanlegg og innbyggjarservice i kommunen.
Slik kan du komme med innspel
Du kan gi dine innspel digitalt, per post eller gjennom innspels- og dialogmøter. Frist for innspel er 11. april.
Eller merk innspela med «Høyringsinnspel kommunedelplan kultur, idrett og friluftsliv» og send:
- E-post til: post@alver.kommune.no
- Post til Alver kommune, Postboks 4, 5906 Frekhaug
Du kan også levere innspel til innbyggjarservice i Knarvik senter.
Vi arrangerer opne innspels- og dialogmøte om planarbeidet:
- 20. mars, kl 17 - 19: Ostereidet, gymsalen
- 21. mars, kl 17 - 19: Kommunehuset på Frekhaug
- 22. mars, kl 17 - 19: Knarvik bibliotek
- 23. mars, kl 17 - 19: Kommunehuset på Manger
- 27. mars, kl 17 - 19: Lindåshallen, ungdomsklubben
Har du spørsmål?
Kontaktperson er:
- Eirik Bouwer Utne
E-post: eirik.utne@alver.kommune.no
Telefon: 93 41 30 89