Varsel om oppstart av planarbeid for «Interkommunal plan for sjøområda i Nordhordland»
I løpet av denne perioden for høyring og offentleg ettersyn er det opna for å gje:
- Innspel til sjølve planprogrammet – kva tema og spørsmål det skal arbeidast med og korleis planprosessen kan gjennomførast
- Innspel til arealbruk og utnytting for sjøområda i heile planområdet (alle dei 8 kommunane som deltek)
Kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen, Osterøy og Vaksdal har i fellesskap starta prosessen med å utarbeide ein interkommunal plan for sjøareala i kommunane.
Planen skal vere ein arealplan for sjøareala, der heilskapen blir ivaretatt over kommunegrensene. Gjennom planarbeidet skal det utviklast langsiktige rammer for berekraftig arealbruk, forvaltning og verdiskaping i sjøområda. Planen skal munne ut i ein juridisk bindande plan på kommuneplannivå.
Det er mange interesser knytt til kystsona og sjøareala. Aukande konkurranse og interessekonfliktar kan gjere sjøareala utfordrande å forvalte. Kommunen har mynde over arealbruken i sjøområda etter plan- og bygningslova og hamne- og farvasslova, og ansvar for å skape føreseielege rammer. Til dette trenger kommunane eit godt styringsverktøy.
Meir informasjon
På heimesida til prosjektet (www.regionnordhordland.no) finn ein meir informasjon om prosjektet og høyringa.
Frist for å kome med innspel er 10.05.2021.
Spørsmål
Har du spørsmål eller ønskje om nærare avklaring knytt til planarbeidet kan du ta kontakt med:
- Hans Kristian Dolmen – hans.kristian.dolmen@alver.kommune.no
- Bent Gunnar Næss - bgn@nordhordland.net
Saksdokument
Vedegg 1 IKP Sjøareal NH Planprogram - høyring 26.02.2021.pdf
Vedlegg 2 Skjema for innspel til planprogram.pdf