Varsel om planoppstart: Kommunedelplan for naturmangfald
Alver kommune har rike naturverdiar og store variasjonar i naturmangfald.
Naturmangfald er definert som biologisk, landskapsmessig og geologisk mangfald. Det vil sei at naturmangfald er summen av mangfaldet i
naturen og prosessane i økosystema dei lever i.
Eit av dei viktigaste måla med utarbeiding av planen er å auke kompetansen om naturmangfaldet i kommunen og belyse kvar det er kunnskapshol.
Vidare er det eit viktig mål å sikre at det ikkje skjer ei forringing av
naturmangfald i kommunen og å belyse moglege tiltak for å betre forholda for naturmangfaldet.
Kommunen vil i løpet av planprosessen invitera til medverknad. Interesseorganisasjonar, foreiningar og andre som kan ha særskilt interesse av forslag til prioriterte område for naturmangfald, blir kontakta spesielt.
Planprogrammet som fortel kva planarbeidet skal handle om er no lagt ut på høyring.
Trykk her for å lese planprogrammet.
Du kan kome med innspel til planarbeidet ved å sende dei skriftleg til kommunen via:
- e-post til post@alver.kommune.no, eller
- brev til Alver kommune, postboks 4, 5906 Frekhaug.
Høyringsfrist er 21. juni 2023.