Vi inviterer til å kome med innspel til barnehage- og skulebruksplan

Utval for levekår har vedteke etter § 11-14 i sak PS 22/24 å sende kommunedelplan for barnehage og skulebruk ut på høyring og offentleg ettersyn.

Målet med planarbeidet er at barnehage- og skulebruksplanen skal sikre ei styrt utvikling av dei kommunale barnehage- og skuleanlegga i Alver kommune.

Planprosessen skal vere godt forankra gjennom brei medverknad frå innbyggjarar, barn og unge, tilsette og interesseorganisasjonar. Målet er å sikre gode og likeverdige tilbod som fremjar helse, trivsel, og utvikling, samtidig som den bidreg til berekraftige og attraktive nærmiljø.

  • Planarbeidet skal gje ei oppdatert oversikt over anlegga
  • Planen skal kome med framlegg om ein berekraftig og framtidsretta struktur for barnehage og skule med god utnytting av ressursar og kvalitet i tilbodet , og sjå på konsekvensane av desse endringane.
  • Planen skal fokusere på kvalitet, økonomi og bruk av anlegga i nærmiljøet på ettermiddag og i helg.

Høyringsfrist er 31.mai. Merknadane må vere skriftlege og sendast til:

Aktuelle vedlegg

Kva skjer etter høyringsfristen?

Etter høyringsfristen 31. mai skal kommunedirektøren komme med si anbefaling til politikarane. 

Trykk her for å sjå detaljert tidsplan. 


Sist oppdatert: 05.06.2024
Publisert: 17.04.2024