Minsak.no

Minsak.no er utvikla i regi av av Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Målet er at du lettare skal kunne føreslå saker for din kommune eller fylkeskommune.

Trykk her for minsak.no

Dette er ein rett du har som er lovfesta i kommuneloven § 12.1
Trykk her for å lovdata

Kva er innbyggjarforslag?

Gjennom å samle underskrifter har du som innbyggjar i ein kommune eller eit fylke rett til å setje ei sak på den politiske dagsorden. Du har ikkje krav på noko bestemt utfall av saka.

Kven kan føreslå saker?

Du må bu i den kommunen eller det fylket saka gjeld for å føreslå eller skrive under på en sak. Ungdom under 18 år kan føreslå saker.

Kvor mange underskriftar treng du?

Du må samla underskriftar frå minst to prosent av innbyggjarane, eller minimum 300 underskriftar dersom kommunen din har meir enn 15000 innbyggjarar. I fylkeskommunen er det nok med underskriftar frå 500 av innbyggjarane i fylket.

Hva kan du fremje saker om?

Du kan fremje saker som gjeld kommunen eller fylkeskommunen si verksemd. I praksis betyr dette oppgåver som kommunen eller fylkeskommunen er engasjert i, både lovpålagte og frivillige oppgåver. Det er med andre ord snakk om eit vidt spekter av saker.

Kva kan du ikkje fremje saker om?
  • Saker som allereie er handsama av kommunestyret (eller fylkestinget) i løpet av valperioden.
  • Saker med samme innhald som eit tidlegare innbyggjarforslag.
    Dette betyr ikke at det forbudt å fremje ”den same” saka i løpet av ein og same valperiode, eller at kommunestyret eller fylkestinget ikke har lov til å handsame saka. Kommunestyret eller fylkestinget kan velge å handsame ei sak som har blitt handsama før, men forslagsstillarane kan ikkje krevje dette.
Når må saka handsamast?

Kommunestyret eller fylkestinget skal ta stilling til saka seinast seks månader etter at den har fått nok underskrifter. Det er eit unntak frå denne fristen. Fristen gjeld ikke dersom saka blir henvist til handsaming i samband med ein pågåande plansak etter plan- og bygningslova.

Kor lenge kan ei sak bli liggjande?

Saker som ikke har nok underskrifter etter 12 månadar, blir lukka.

Meir informasjon om innbyggjarforslag:

Trykk her for vegleiar om innbyggjarforslag


Sist oppdatert: 08.09.2021
Publisert: 22.12.2020