Val

Kommune- og fylkestingsval 2023

Den 11. september 2023 er det kommune- og fylkestingsval.

Fristar for listeforslag

Partia som skal stilla liste ved kommunevalet i Alver må levera listeframlegg innan 31. mars 2023 klokka 12.00.

Listeframlegget må vere mottatt av kommunen innan fristen. Det er ikkje nok at det er poststempla innan fristen. 

Listeframlegga kan leverast på papir per post til: Alver kommune, Postboks 4, 5906 Frekhaug eller elektronisk: Opprett elektronisk listeforslag 

Fakta om val i Noreg

Kven har røysterett ved stortingsval?

For å kunne røyste, må du ha røysterett.

Du har røysterett ved stortingsvalet dersom du:

  • er norsk statsborgar
  • har fylt 18 år innan utgangen av valåret
  • er, eller har vore, registrert busett i Norge.

Kven har røysterett ved kommune- og fylkestingsval?

Alle som har røysterett ved stortingsval, har også røysterett ved kommune- og fylkestingsval.

I tillegg har du røysterett viss du: 

  • er statsborgarar i andre nordiske land (Danmark, Island, Finland eller Sverige), har fylt 18 år innan utgangen av valåret, og er registrert busett i Noreg senast 30. juni i valåret
  • er utanlandske statsborgarar og har fylt 18 år innan utgangen av valåret, og har vore registrert busett i Noreg samanhengande dei tre siste åra før valdagen

Manntal

For å kunne røyste ved stortingsvalet må veljaren vere registrert i manntalet i ein kommune. Valstyret er ansvarleg for at det vert ført manntal over alle personar med røysterett i kommunen.

Folkeregisteret er grunnlaget for manntalet. 

Veljaren er manntalsført i den kommunen ho/han var folkeregisterført som busett 30. juni i valåret. Dersom du har meldt flytting til ein annan kommune etter 30. juni, er du manntalsførd i den kommunen du flytta frå.

Kan eg sjekke om eg står i manntalet?

Valstyret legg ut manntalet til offentleg ettersyn så snart som mogeleg etter 30. juni, og fram til og med valdagen. Tid og stad vert oppdatert

Du finn meir informasjon på valg.no

Trykk her for valg.no

Korleis røyster du?

Det er kommunen som tek imot førehandsrøyster, og du kan førehandsrøyste i kva for ein kommune du ønskjer. Røysta vert då sendt til heimkommunen din.

På sjølve valdagen kan du berre røyste i heimkommunen din. Du kan ikkje røyste på nytt på valdagen dersom du har røysta på førehand. Du kan heller ikkje førehandsrøyste fleire ganger.

Vi nyttar elektronisk registrering i manntalet.

Har du spørsmål om valgjennomføringa?

Ta kontakt med ansvarleg for gjennomføring av valet i Alver:
Tove Mette Fyllingen
E-post: tove.mette.fyllingen@alver.kommune.no
Tlf: 47 46 41 45


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 23.06.2021