HeimPolitikk og høyringarHar du meiningar om framtida?

Har du meiningar om framtida?

Vi jaktar innspel til dei første planane til den nye kommunen vår, og lurar på kva som er viktig for deg.

Slik kan du bidra

Frå september til desember kan du kome med innspel på følgjande måtar:

Vi inviterer til fleire møteplassar og samlingar utover hausten. Vi kjem tilbake med meir informasjon om seinare.

Vi tar også imot innspel på denne måten:

  • Send ein e-post til postmottak@alver.kommune.no.
  • Send eit brev til postboks 4, 5906 Frekhaug. Merk konvolutten din med «kommuneplan».
  • Lever innspelet ditt til innbyggjarservice på Knarvik Senter eller kommunehusa på Frekhaug og Manger.

Kva skjer med innspela dine?

Vi leser alle innspela, og samlar dei i rapportar som politikarane får når dei skal jobbe vidare med planane i 2021.

På denne måten får politikarane i Alver vite kva som er viktig for deg før dei lagar mål for framtida til kommunen vår.

Når planane er klare, får du nye sjansar til å kome med innspel. Då vil politikarane høyre kva du meiner om forslaget deira før dei bestemmer seg. Dette kallar vi for «høyring» og er noko vi kjem tilbake med meir informasjon om seinare.


Sist oppdatert: 21.09.2020
Publisert: 21.09.2020