HjemSkule og utdanningElevvelferdUngdomskontakten Salto

Ungdomskontakten Salto

Kontakt oss

Ingrid Bekkenes og Cato Nilsen.

Telefon: 40 64 83 80

Opningstider
  • Kvardagar frå klokka 13.30 til 15.30
  • Onsdagar er det langope til klokka 20.30.
  • Når Amfi Knarvik har nattope, er ungdomskontakten tilgjengeleg i senteret heile tida
Kva skjer på Salto?

Ungdomskontakten Salto er ein møtestad for ungdom mellom 13 og 20 år, lokalisert i Amfi Knarvik. Her kan ungdomane komme for å vente på bussen, slappe av, spele playstation, brettspel, gjere lekser, og være sosiale med andre. Miljøterapeutane på Salto kan hjelpe til med å skrive søknad og CV eller bare ta ein prat. Tiltaket er eit rus- og kriminalitetskonkurrerande tilbod.

Om tilbodet

Ungdomskontakten Salto er eit samarbeidstiltak mellom Amfi Knarvik og kommunane Modalen, Masfjorden, Alver og Fedje. Alver kommune har ansvar for den daglege drifta av tiltaket.
I den rådgjevande referansegruppa for ungdomskontakten finn ein representantar frå kommunane, Knarvik vidaregåande skule, Amfi Knarvik, politi og kyrkja.

Kven møter du her?

Dei vaksne som arbeider her har høgskuleutdanning innan helse, sosiale  eller pedagogiske fag.

Personalet er ein viktig kontakt når ungdomane kjem innom Salto. Her kan dei slå av ein uformell prat med jamaldringar og med dei vaksne. Det er også ein viktig arena for å fange opp og møte ungdom som treng hjelp i livet sitt. Personalet har tett kontakt med skule og andre kommunale tenester.

I tillegg til å vere tilstades i opningstida til Salto, driv dei tilsette oppsøkjande arbeid i og omkring senteret. Dei tilsette samarbeider også med politiet og senterleiinga om tiltak som er positive for unge som ferdast i senteret.

Ungdomskontakten Salto har tilbod om AART-grupper (Adapted Aggression Replacement Training) til skulane i regionen. Trykk her for å lese meir om AART.


Sist oppdatert: 05.11.2023
Publisert: 16.10.2018