HeimSkule og utdanningSpråkopplæring

Språkopplæring

Slik går du fram

Ta kontakt med skulen der eleven går. Skulen skal gi deg informasjon og hjelpe deg vidare.
Skulen skal kartleggje kva kunnskap eleven har i norsk før vedtak blir gjort. Slik kartlegging skal også skje undervegs i opplæringa for å finne ut om eleven har tilstrekkeleg norskkunnskap til å følgje den vanlege undervisninga

Kven kan få tilbodet?

  • Eleven må ha anna morsmål enn norsk og samisk
  • Eleven har ikkje gode nok kunnskaper i norsk til å følgje den ordinære undervisninga
  • Det må vere eigna undervisningspersonale i kommunen (dette gjeld morsmålsundervisning og tospråkleg fagopplæring)

Kva undervisning kan du få?

  • Særskilt norskopplæring som er opplæring i grunnleggjande norsk for språklege minoritetar.
  • Morsmålsopplæring som er knytt til grunnleggjande lese- og skriveopplæring for småskuletrinnet.
  • Tospråkleg fagopplæring som er opplæring i fag på morsmålet og på norsk.

Kva seier lova?

Trykk her for å lese om særskilt språkopplæring for elevar frå språklege minoritetar i Opplæringslova §2-8.


Sist oppdatert: 06.05.2020
Publisert: 06.05.2020