Samfunnskunnskapsprøvar/ statsborgarprøvar
Har du gått på kurs og ønskjer å ta ei samfunnskunnskapsprøve? Då må du hugse å melde deg på.
Prøven varar i 60 minutt, og skal vere på eit språk som du forstår godt. Du får 38 spørsmål med tre svaralternativ, der berre eitt svar er riktig. Du må ha minst 29 riktige svar for å bestå prøven.
Resultatet på prøven er anten «bestått» eller «ikkje bestått». Vi sender prøvebeviset ditt i posten seinast to veker etter at du har tatt prøven.
Trykk her for å lese meir om 50-timars kurset vårt i samfunnskunnskap.
Trykk her om du ønskjer å søke statsborgarprøve eller vil vite meir om denne.
Påmelding til prøven
Påmelding til prøve i samfunnskunnskap skjer på heimesida til Kompetanse Norge.
Trykk her for å gå til sida med meir informasjon og påmelding.
Kva kostar det?
800 kroner for prøven i samfunnskunnskap.
Treng du hjelp?
Ta kontakt med oss på vaksenopplæringa.
- Alver vaksenopplæring
E-post: alver.vaksenopplaring@alver.kommune.no
Telefon: 56 37 54 13/ 474 61 141
Våre opningstider er måndag til fredag mellom klokka 08.30 og 15.30.
- Besøksadresse
Kvernhusmyrane 8
5914 Isdalstø