Leksehjelp

Organisering  

Tilbod om leksehjelp blir lagt til 5.-10. trinn, med følgjande fordeling av timane:  

Mellomtrinn: 5 timar i veka, fordelt på 5.-7. trinn  

Ungdomstrinn: 3 timar i veka, fordelt på 8.-10. trinn  

Det er lokale ordningar innanfor dei gitte rammene på dei ulike skulane.

Slik melder du barnet ditt på ordninga

Informasjon og påmelding kjem frå kvar skule til heimane.

Kva kostar det?

Det er gratis for elevane å delta på leksehjelp.  

Slik melder du barnet ditt av ordninga

Ta kontakt med skulen barnet ditt går på.

Skyss  

Elevane har ikkje rett på gratis skyss etter leksehjelp. 

Klagerett

Tilbodet om leksehjelp er eit enkeltvedtak etter forvaltningslova. Det betyr at elevar og føresette har klagerett og kan be om tiltak.

I klagen skal ein oppgje kva ein ønskjer å endra, og begrunna det. Kommunen kan rettleia deg i dette, og bistå med å forfatta klagen. Klagen skal sendast til skulen som har fatta vedtaket. Om skulen fastheld vedtaket, vert saka sendt vidare til kommunen til handsaming. Saka vert sendt til stastsforvaltaren i Vestland om kommunen opprettheldt vedtaket. Statsforvaltaren fattar så endeleg vedtak i saka.

Retten til eit godt psykososialt miljø gjeld også i leksehjelpordninga.

Retningslinje

Trykk her for retningsline for organisering av leksehjelptilbodet i dei offentlege grunnskulane i Alver kommune

Kva seier lova?

Trykk her for å lese kva Opplæringslova seier om Leksehjelpordninga: opplæringslova § 13-7a

Trykk her for å lese kva Forskrift til opplæringslova seier om leksehjelpordninga: Forskrift til opplæringslova, § 1A-1


Sist oppdatert: 13.06.2022
Publisert: 25.03.2022