Alver PPT

PP-tenesta

Målet er at dei får eit inkluderande, likeverdig og tilpassa pedagogisk tilbod. PP-tenesta skal også hjelpe barnehagar og skular med kompetanse- og organisasjonsutvikling, slik at dei legg til rette for barn og elevar med særskilte behov.

PP-tenesta sitt mandat er regulert i  opplæringsloven § 5-6 og barnehageloven § 19 c

Kva gjer PP-tenesta?

Barn/elevar kan på eit eller anna tidspunkt i utdanningsløpet trenge ekstra hjelp og støtte i kortare eller lengre periodar. Døme på særskilte behov kan være:

  • språk- og kommunikasjonsvanskar
  • konsentrasjonsvanskar
  • sosiale- og emosjonelle vanskar
  • åtferdsvanskar
  • syn- og høyrslevanskar
  • lærevanskar eller fagvanskar
  • lese- og skrivevanskar
  • matematikkvanskar
  • ulike typar utviklingsvanskar

Barnehagelova og Opplæringslova fortel ikkje kva særskilte behov som kvalifiserer til spesialpedagogisk hjelp og spesialundervisning. Det er ikkje avgjerande med diagnose, og PPT må vurdere i kvart enkelt tilfelle kva som er behovet.

PPT skal også gjere sakkunnige vurderingar ved søknad om tidleg eller utsett skulestart og spesialundervisning for vaksne med særskilte behov.

Korleis arbeider vi i PPT?

Alver PPT har jamlege møte med alle barnehagane, skulane og vaksenopplæringa i kommunen kor vi arbeid i saman for å utvikle tilbodet til born og elevar. Der drøfter ein også tiltak i forhold til barn/elevar/vaksne. Tiltaka kan vere innanfor det ordinære barnehagetilbodet/opplæringstilbodet. Dersom barnet eller eleven sine behov ikkje kan løysast innanfor det ordinære, kan PPT gjere ei sakkunnig vurdering ved å kartleggje barnet sine utfordringar, og uttale seg om behova.
Har du eit born som ikkje har eller kan få utbytte av barnehagetilbodet/opplæringstilbodet, kan han eller ho ha rett til spesialundervisning. Hos den vaksne er kravet at det tilbodet ein set i gang, skal gjere ei vesentleg endring for personen.

Kontakt - dersom du har bekymring

  • Ta kontakt med barnehage/skule. Føresette kan og ta direkte kontakt med PPT.
  • Barnehage eller skule gjer sine undersøkingar og prøvar ut tiltak.
  • Dersom tiltaka ikkje hjelper barnet ditt, tar barnehagen/skulen kontakt med PPT og drøftar saka i eigne møte. PPT gjev råd om vidare tiltak, og vurderer eventuelt behovet for spesialpedagogisk hjelp eller spesialundervisning. I ei sakkunnig vurdering, som byggjer på kartlegging av barnet sine styrker og utfordringar, vert det gjeve råd til kva type tilbod barnet ditt bør få.
  • Som føresett vert du etter tilmelding kalla inn til ei inntakssamtale, der ein går gjennom utviklingshistoria til barnet, innhaldet i tilmeldinga og legg plan for løpet vidare.
  • Dersom den sakkunnige vurderinga konkluderer med rett til spesialpedagogisk hjelp/spesialundervisning, skal føresette sende søknad til barnehagen/skulen – dette vil den enkelte eining gje nærare opplysningar om.

Informasjonsbrosjyre om spesialpedagogisk hjelp i barnehagen

Informasjonsbrosjyre om spesialundervisning i skulen

Kontaktinformasjon

Postadresse:

  • Alver PPT
    Postboks 4
    5906 Frekhaug

Besøksadresse:

  • Kvassnesvegen 52,
    KIM-bygget, 2. etg.

Telefon: 56 37 54 07

Samarbeidspartnarar

PPT samarbeider med andre kommunale tenester som til dømes helsestasjon/skulehelsetenesta, kommunepsykolog og barnevern. Samarbeidspartnarar utanfor kommunen er til dømes Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk for Nordhordland (BUP) og Statped Vest.

Vidaregåande skule

Elevar i vidaregåande skule må vende seg til den fylkeskommunale tenesta.

Trykk her for å lese meir på fylkeskommunen sine heimesider

Lovgrunnlag

Opplæringslova §5.1 og 5.3/barnehagelova §19a:

PPT skal hjelpe barnehagar og skular i arbeidet med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling for å leggje opplæringa betre til rette for barn/elevar med behov for særskilt tilrettelegging. PPT skal sørgje for at det vert utarbeidd sakkunnig vurdering (§5-1 og §19a) der lova krev det. Departementet kan gje forskrifter om dei andre oppgåvene til tenesta.


Sist oppdatert: 19.08.2020
Publisert: 19.08.2020