HjemSkule og utdanningRett til heimeundervisning

Rett til heimeundervisning

Rett til heimeundervisning

Foreldre treng ikkje søke kommunen om godkjenning for å drive privat heimeundervisning. Men, du må gje skriftleg melding til skulen om at det vert etablert privat grunnskuleopplæring for barnet.

Krav til undervisninga

Barn og unge som får opplæring i heimen har rett til å tileigne seg tilsvarande kunnskapar som i den offentlege skulen. Privat heimeundervisning er difor i utgangspunktet omfatta av dei same lovreglane når det gjeld føremål og innhald som opplæringa i den offentlege grunnskulen. Dette betyr at læreplanverket skal følgjast. Foreldra treng ikkje ha lærarkompetanse, men dei må ha nødvendige føresetnader for å drive opplæring. Det er opp til kommunen å avgjere gjennom tilsyn om foreldra er tilstrekkeleg kvalifiserte.

Tilsyn

Kommunen har rett, men òg ei plikt til å føre tilsyn med privat heimeundervisning. Alver kommune har bestemt at det er rektor ved nærskulen eller rektor ved den kommunale grunnskulen der barnet allereie er elev som skal føre tilsyn med undervisinga.

Kommunen må gjennomføre tilsynet på ein slik måte at ein ser til at barnet får opplæring tilsvarande den offentlege grunnskuleopplæringa.
Om det er tvil om heimeundervisninga er tilfredsstillande, kan kommunen kalle barnet inn til særskilde prøvar. Om skulen kjem fram til at krava til heimeundervisninga ikkje er oppfylte, skal kommunen krevje at barnet eller den unge skal gå i den offentlege skulen.

Om foreldresamarbeid

Tilsynet skal skje i samarbeid med foreldra. Foreldra har òg plikt til å samarbeide med kommunen på ein slik måte at det blir mogleg å gjennomføre tilsyn. Om dette ikkje er tilfelle, kan kommunen krevje at barnet skal gå i den offentlege skulen.


Sist oppdatert: 06.02.2023
Publisert: 06.02.2023