HeimKoronaKultur og idrett

Kultur og idrett

Regjeringa har innført strengare nasjonale tiltak frå torsdag 25. mars.

Trykk her for å lese om dei nye tiltaka på helsenorge.no.

Vi har ingen godkjenningsordning for arrangement i Alver kommune. Det går heller ikkje an å søkje om dispensasjon frå reglane i Covid-19-forskrifta.

Ønskjer du å invitere til eit arrangement, må du setje deg godt inn i reglane som gjeld og sjølv vurdere kva som er trygt og lov.
Fleire bransjar har laga eigne smittevernrettleiarar. Sjekk om bransjen din har ein standard, som kan hjelpe deg til å gjere dei rette vurderingane.

Trykk her for informasjon frå Regjeringa om gjeldande nasjonale smitteverntiltak

Private samankome og arrangement

  • Arrangement som samlar personar frå ulike kommunar bør utsetjast eller avlysast. Reglane for arrangement er som fylgjer:
  • Maks 50 personar på innandørs idrettsarrangement for born som samlar deltakakar frå same kommune.
  • Maks 20 personar på andre arrangement kor alle i publikum sit på faste, tilviste sitjeplassar.
  • 50 personar i gravferder og bisettingar med faste, tilviste sitjeplassar
  • Maks 100 personar på arrangement utandørs utan faste, tilviste plassar.
  • maks 50 personar ved arrangement utandørs med faste, tilsviste plassar.
  • Arrangøren skal iverksetje tiltak for å ivareta krav til avstand mellom deltakarar som ikkje er frå same husstand på arrangement der publikum sit på faste, tilviste sitjeplassar. Om naudsynt skal det nyttast vakthald for å sikre dette.
  • Det tydeleggjerast i regelverket at medlemsmøte, inkludert møte i foreiningar og liknande reknast som arrangement.

Idrett og fritidsaktivitetar

  • Born og unge under 20 år kan trene og delta på fritidsaktivitetar som normalt. Dei er unnateke frå anbefalinga om ein meters avstand når det ikkje er naudsynt for å drive med aktiviteten.
  • Born og unge under 20 kan delta på idrettsarrangement som samlar deltakarar frå same kommune. Innandørs kan det vere inntil 50 personar på slike arrangement. Utandørs er grensa 200, det inkluderer utøverar, trenarar, dommarar og eventuelle tilskodarar. Dersom born og unge trenar med eit idrettslag i ein annan kommune, vil dei kunne konkurrere med dette idrettslaget så lenge smittesituasjonen tillet det.
  • Born og unge under 20 år som driv med idrettar som ikkje inneber nærkontakt, som til dømes ski, kan delta i idrettsarrangement utandørs som samlar deltakarar frå same idrettskrins eller region der region vert nytta som geografisk inndeling.
  • Forbod mot innandørs organiserte idretts- og fritidsaktivitetar for vaksne, med unntak for profesjonelle toppidrettsutøverar
  • Utandørs kan vaksne drive organisert trening dersom det er mogleg å halde god avstand.
  • Toppidrettsutøverar kan trene som normalt, både innandørs og utandørs.
  • Toppidrettsarrangement er tillete, med unntak av seriespel, som framleis er anbefalt utsett i toppidretten. Det gjeld også treningskampar mot andre lag utanfor eigen klubb. Dette gjeld og i idrettar som er utanfor sesong, herunder fotball. Det anbefalast framleis utsett for å avgrense mobilitet og sosial kontakt.
  • Treningssentre kan halde ope for dei som er busett i kommunen. Treningssentera kan og halde ope for dei som er busett i andre kommunar, dersom dei skal nytte følgjande tilbod: rehabilitering og opptrening som vert tilbode individuelt eller i mindre grupper med arrangør, individuell trening og behandling som det kan tingast time til.
  • Fornøyelsesparkar, bingohallar og liknande underhaldningstilbod blir stengt.
  • Symjehallar, badeland, spaanlegg, hotellbasseng og liknande skal halde stengd, men kan halde følgjande tilbod ope:
    • skulesymjing, organiserte symjekurs og organisert symjetrening for personar under 20 år og symjing for profesjonelle toppidrettsutøverar.
    • rehabilitering og opptrening som vert tilbode individuelt eller i mindre gruppar med arrangør.
    • annan individuell behandling som det kan tingas time til og kor bad er en del av behandlingen.

Uteliv

  • Forbod mot skjenking av alkohol

Trykk her for informasjonsmateriell til fri bruk for serverings- og skjenkestader

Utleige av kommunale bygg

Trykk her for å lese meir om utleige av idrettsanlegg, kommunale bygg og eigedomar

Hald deg oppdatert

Alver kommune følgjer råd frå nasjonal helsestyresmakter. Vi endrar våre rutinar og tiltak når det kjem nye råd. Difor er det viktig at du held deg oppdatert.

Følg med på nettsida til kommunen, www.fhi.no og www.helsenorge.no for siste nytt.

 




Sist oppdatert: 06.04.2021
Publisert: 06.11.2020