HeimKoronaBesøk på sjukeheim

Besøk på sjukeheim

Desse reglane gjeld for deg som skal på besøke nokon på ein av sjukeheimane våre: 

  • Både bebuaren og du som kjem på besøk må vere friske; ingen symptom på covid-19 (feber, hoste, sår hals, tung pust, rennande nase)
  • Bebuarar som er fullvaksinerte kan ha 2-3 nære personer han/ho kan klemme. Dette skal være dei same personene over tid.
  • Forøvrig gjeld nasjonale retningsliner med avstand og god handhygiene.
  • Du må registrere deg med namn og telefonnummer i tilfelle smittesporing vert nødvendig
  • Du skal bruke munnbind, du kan ta av munnbindet om du heldt tilfredstillande avstand til bebuar og personell (1-2 m).
  • Du må melde ifrå til sjukeheimen, om du i etterkant av besøket får symptom på covid-19.
Slik kan du gjennomføre besøket
  • Ute: Du kan trille bebuar på tur i rullestol, men må unngå direkte nærkontakt dersom bebuar ikkje er fullvaksinert.
  • På bebuarrom: Max 2-3 besøkande, avhengig av størrelsen på rommet og i eit begrensa tidsrom. Unngå å ta på ting unødig. Du skal bruke munnbind, og kan ta av munnbindet du heldt tilfredstillande avstand (1-2 m).
  • Bilkøyring: Bebuar kan vere med på biltur. Vi oppmodar om å bruke munnbind om de ikkje kan oppretthalde avstand.
  • Permisjon: Unngå å eksponere bebuar for unødig mange nærkontakter
Smittevernreglar under besøket

Du/de får utdelt munnbind om de ikkje har med sjølv.

Under besøket:

  • Både du og bebuar må desinfisere eller vaske hendene når du kjem.
  • Du/de må registrere namn og telefonnummer; i tilfelle smittesporing i etterkant.
  • Hald 1-2 meter avstand både til andre bebuarar og personalet.
  • Både du og bebuar må desinfisere eller vaske hendene etter besøket.
  • Vi vil vaske alle kontaktflater etter kvart besøk, så fint om du ikkje tar på flater eller ting unødig.

Lurar du på noko? Ta kontakt med avdelinga.


Sist oppdatert: 17.12.2021
Publisert: 17.12.2021