HeimKoronaKoronavaksine

Koronavaksine

Når kjem vaksinen?

Vaksineringa i Alver starta 6. januar.

Vi tar kontakt med deg

Vi tar kontakt med deg når det blir din tur.

Du treng ikkje ta kontakt med kommunen eller fastlegen din for å setje deg på venteliste.

Kven får vaksinen først?

Eldre på sjukeheimar og i omsorgsbustad pluss får først tilbod om vaksinen. Deretter vaksinerer vi eldre over 85, som får heimesjukepleie.

Kor mange dosar vi får kvar veke, avgjer når dei andre prioriterte gruppene får tilbod om koronavaksine.

I starten vil vi ikkje ha nok vaksinar til alle som blir anbefalt å ta vaksinen. Mange av oss må vere tålmodige før det blir vår tur til å få vaksine.

Det er Folkehelseinstituttet som bestemmer kva rekkefølgje vi skal vaksinere innbyggjarane våre. Rekkefølgja kan endre seg.

Trykk her for oppdatert informasjon om kven som får vaksinen først.

Kva kostar det?

Vaksinen er gratis.

Her kan du lese meir

 


Sist oppdatert: 20.01.2021
Publisert: 16.12.2020