HeimKoronaEndringar i helsetenesta

Endringar i helsetenesta

Besøk ved sjukeheimar/institusjonar

Vi må gjere det vi kan for å unngå smitte, difor vil omsynet til smittevern vere avgjerande for korleis ein kan gjennomføre besøka.

  • Fysiske besøk må avklarast med institusjonen i forkant. Ta kontakt med aktuell sjukeheim og avdeling.
  • Besøkjande må halde minst 1 meters avstand til tilsette og pasienten dei besøkjer. Dersom det ikkje er mogleg å halde 1 meters avstand skal besøkande bruke munnbind.
  • Besøk bør fortrinnsvis skje i eiget besøksrom nær institusjonens inngang.
  • Besøk på pasientrom kan gjennomførast dersom avdelinga vurderer det forsvarleg av smittevernomsyn.
  • Det vert lagt til rette for besøk på pasientrom til kritisk sjuke og døande.
  • Sjukeheimane fører besøksprotokoll og avdelinga vurderer behov for besøksvert.

Personar med luftvegssymptom skal ikkje komme på besøk. Det same gjeld personar som er definert som nærkontakt til mistenkt eller bekrefta smitta med covid-19, eller er mistenkt, eller er stadfesta sjuk med covid-19.

Pårørande eller andre som siste 10 dagar har vore på reise til eller opphalde seg i regionar og land utanfor Norge, som ikkje er omfatta av karanteneplikt bør ikkje kome på besøk før 10 dagar etter heimkomst.
Dersom dei testar seg for covid-19, skal dei ikkje kome på besøk før negativt prøvesvar føreligg.

Har du time på helsestasjonen eller hos jordmor?

Alle som møter på helsestasjonen må vere friske

  • Ingen som er sjuke uansett årsak skal komme.
  • Ingen søsken skal vere med på helsestasjonen.
  • Dersom mogleg, kun ein vaksen følgjer barnet.
  • Dersom du har vore i utlandet i løpet av dei siste ti dagane må du kontakte helsestasjonen for å avtale ny time. 

Ungdom: 

Helsestasjon for ungdom (HFU) har ope kvar onsdag i Knarvik (bygget til legevakta) frå klokka 15.30 til klokka 18.00, og på Frekhaug kvar tysdag frå klokka 15.00 til klokka 18.00 Vi ynskjer at du bestiller time på sms/tlf i forkant, men det er og mulig med drop-in. Hald avstand og ikkje gå inn i lokala før klokka 15.30. Om du kjem på drop- in, må du ikkje ha forkjølelsessymptom. HFU vil tilby tenester som vanlig, men med noko redusert tilbod grunna smitteførebyggande tiltak. Vi kan også gje råd på telefon.

Timebestilling kan du gjere på telefon: 916 49 408

Helsestasjon for ungdom (HFU) er eit tilbod til ungdom mellom 13 og 23 år. Tilbodet er gratis, og du treng ikkje bestille time. På helsestasjon for ungdom treff du helsesjukepleiar og lege (tilbod om lege gjeld kun i Knarvik). Dei tilsette har teieplikt.

Kva kan du få hjelp til?
  • Rettleiing og hjelp til alt som handlar om prevensjon
  • Spørsmål i samband med seksualitet
  • Snakke om ting som er vanskeleg, anten det er fysisk eller psykisk helse
  • Eteforstyrringar
  • Problem i forhold til rus
  • Rettleiing i samband med graviditet
  • Vanskar heime, på skulen, eller med vener
  • Opplevingar kring vald, overgrep og mobbing
  • Du kan ta klamydiatest og graviditetstest her
  • Ved behov for anna hjelp kan vi henvise deg vidare til andre som kan hjelpe deg

Opningstider:

  • Knarvik: onsdagar klokka 15.30 - 18.30
  • Frekhaug: tysdagar klokka 15.00 - 18.00

Kvar heldt vi til?

  • Frekhaug: Havnevegen 41, 5918 Frekhaug. (Kommunehuset på Frekhaug, inngang mot Rema 1000).
  • Knarvik: Kvassnesvegen 48, 5914 Isdalstø. (Vi held til i same bygg som Nordhordland legevakt, inngong på baksida av bygget. Sjå kart under).

Barsel og nyfødde:

Jordmor vil som før ringe første virkedag etter at mor og barn er komen heim frå kvinneklinikken for å avtale vidare oppfylging.

Ved spørsmål ta kontakt med jordmor på telefon ved Alver Nærjordmorsenter: 409 07 642
eller Alver helsestasjon: 56 37 50 74 
E-post: helsestasjonen@alver.kommune.no

Kontakt legekontor før oppmøte

Ingen med luftvegsinfeksjon skal møte opp på legekontoret utan å først ha gjort avtale.

Pasientar kan nytte e- konsultasjon, videokonsultasjon og telefonkonsultasjon etter avtale med fastlegen, i tillegg til vanlege konsultasjonar på legekontoret.

Blodprøve vert berre teken etter avtale. Dersom det er tvil om kva som er «avtalt blodprøve» - ta kontakt på e-portalen eller på telefon.

Akutt sjuke MÅ RINGE på førehand. Dei skal ikkje møte opp på legekontoret utan avtale. Ved akutt behov for legehjelp ring 116 117 eller om det hastar og står om liv ring 113.

Hald deg oppdatert

Alver kommune følgjer råd frå nasjonal helsestyresmakter. Vi endrar våre rutinar og tiltak når det kjem nye råd. Difor er det viktig at du held deg oppdatert.

Følg med på nettsida til kommunen, www.fhi.no og www.helsenorge.no for siste nytt.


Sist oppdatert: 23.11.2020
Publisert: 10.11.2020