HjemArkiv 2020Har du spørsmål til politikarane våre?

Har du spørsmål til politikarane våre?

Kva kan eg stille spørsmål om?

  • Spørsmål må gjelde kommunale forhold og vere av allmenn interesse.
  • Spørsmåla må ikkje vere knytt til saker under handsaming same møtedag. Her finn du sakslista for kommunestyremøtet.  
  • Det kan ikkje takast opp spørsmål som er unnateke offentlegheita eller er under ordinær klagebehandling.

Korleis sender eg inn spørsmål?

  • Spørsmål kan sendast til post@alver.kommune.no. Merk e-posten med «Spørjetime».
  • Frist for innsending er seinast 48 timar før møtet, det vil seie innan 27. oktober klokka 12.

Grunna koronasituasjonen vert spørjetimen gjennomført elektronisk. Ta kontakt med Tove Mette Fyllingen, 474 64 145 dersom du har spørsmål om gjennomføringa.


Sist oppdatert: 22.10.2020
Publisert: 19.10.2020